Kari Nesheim Hauge

19 Jan.

Oppskrifter

0

Hei,hei!

Eg er i USA , nærmare bestemt Florida om dagen. Her er gode og ferske økologiske grønsaker, frukt, nøtter og alt anna som ein rawfooder treng for å lage god og næringsrik mat.

Har lyst til å dele ei oppskrift på ein smoothie som eg lagar kvar dag. Det er ein kickstart på dagen for meg. 

 

Bland følgjande:

1 Avocado

2 cm fersk Ingefær

to – tre handfull fersk Spinat

1 ss Chiafrø

1 ts Grønt pulver frå  Young PHorever power plants

2 ss Raw kakao nibs

2- 3 ts Macapulver

3-4 ts Moringapulver

1 ts Matcha te

ca 3-4 dl rensa vatn med  7- 8 pH dråpar

Stevia søtning etter smak

¼ ts Himalayasalt

¼ ts rått Vaniljepulver

1-2 ss Olje feks ”Oil of life”

 

Bland alt  i ca ½-1 min i ein Nutribullet maskin el anna smoothie miksar. Smoothien blir veldig god om den står i frysaren ca 1 time før du et/drikk den. Kvar munnfull er ein nytelse.  Pynt gjerne med ferske bær eller strø på kakaonibs over, som for øvrig er mykje bedre enn ein lykkepille frå skulemedisinen :) 

 

Eg passar alltid på når eg set saman eit måltid at det skal vere ingrediensar som ikkje triggar blodsukkerstigning som er uheldig for alle, uansett.

 

Menneske med diagnose diabetes 1 eller 2 kan trygt innta denne smoothien det er oppskrift på her. Ein stor del av intensjonen min å sikre ujevn blodsukkerstigning. Eg brukar kun Stevia og Yaconsirup  som søtning. Aldri noko anna, for det er kun desse to produkta av søtning som ikkje gir stigning av blodsukker.  Mange trur kanskje at Agavesirup og Honning er greit, men kroppen oppfattar det som sukker og det triggar kroppen på same måte som råsukker, kvitt sukker, fruktose osv. slik at bukspyttkjertel må produsere meir insulin, som er einsbetydande med blodsukkerstigning. Målet mitt er å spare kroppen for dette. God litteratur for å forstå kva kroppen trivast med skriv bla denne forfattaren "Dr. Robert O. Young, pH mirakelet. Balanser kostholdet, gjenvinn helsen.2002"


Viktig!

Eg brenn for å nå ut med og lage mat som skal vere det beste drivstoffet  som kroppen blir førnøgd med og vil ha, og her er det ingen ting tatt med som skal trigge blodsukker i "gal retning," eller andre produkt som ikkje er reine og økologiske.

 

Alle tørrvarene pluss olje som er i denne smoothien kan kjøpast på altshop.no

 

Helsing frå meg som diggar altshop.no som har alt eg treng for å lage god mat for å beholde god helse frå A til Å.

 

Good Luck!

Kari:) 

 

 

Nyhetsbrev

 

Hvis du finner at noe av informasjonen i dette blogginnlegget er feil eller støtende ber vi at du gir oss beskjed slik at vi kan gå over og vurdere innholdet grundigere. Vi ønsker å ha sakelig og sannferdig kunnskap på våre nettsider men kan mot formodning ikke kontrollere alt som våre bloggere skriver til enhvert tid. Vennligst kontakt oss her om det er noe du ikke er fornøyd med, husk å inkluder hvilke innlegg det gjelder med lenke.