Eg er ei godt vaksen dame som i mange år har vore interessert i helse og kor viktig eit rett og balansert kosthald er. Eg har i alle desse åra holdt fast ved idéen om å leve utan animalsk føde. Dette har eg erfart sjølv etter mange år med å prøve ut diverse kosthald. Eg har prøvd meg som vegetarianer, fruktarianer, veganar, blodtypediett, lavkarbo og macrobiotisk kosthald. Eg merka at det var det reine kosthaldet med mest grønsaker og belgfrukter som var det beste for meg. Mange ting har skjedd, men trua på økologisk mat og forståelsen av kva det innebar for helsa har eg aldri tvilt på. Det kom ein trend seilande inn med supermat og rawfood. Den tok eg inn for alt den var verdt og meinar etter mange år at det er det maximale for kva som er bra for kropp og sinn.