Kari Nesheim Hauge

20 Jan.

Bevissthet

0

Bestill og les!

 

Eg har lese ei bok som eg har visst om ei stund, men ikkje fått tak i før nå. Ut i frå tittelen ”DØDELIGE BIVIRKNINGER,” hadde eg ein mistanke om at dette var eit  interessant tema som eg har vore kjent med at har eksistert i mange år. Boka er skreven av ein tidlegare legemiddel direktør,  Dr. John Virapen.

 

Som helsearbeidar er det ikkje god kutyme å snakke negativt om den farmasøytiske indurstrien  viss ein vil beholde jobb og status. Eg meinar at taushet ikkje er etisk riktig og til det beste for pasienten. Det å spele med opne kort om kva ein pasient puttar i seg, det vere seg mat eller medisin burde vere ein selfølge.  Mannen som har skreve denne boka har vore ansatt i eit legemiddelfirma i over 30 år. ”Han har blitt kjøpt og betalt, slik som seg hør og bør i ei verd der det er pengane som styre”. Han fortel nokre hinsides historier bla om utprøving av medikament som førte til dødsfall, sjølvmord eller mord på andre personar i utprøvingstida. Dette blei aldri rapportert som årsak til at nokon droppa ut som prøvekanin. Ofte blei det sett fram påstandar om at prøvesubjekta var kritisk sjuke frå før av. Prøvesubjekta får sjølv skylda for at nyrene deira svikta eller fordi dei døyr under utprøvinga. Blei noko rapportert så blei det neddyssa til å vere andre årsaker som på langt nær var så alvorlege som det som er nevnt ovanfor.

 

Det blei også kjørt rettssak mot firma denne forfattaren jobba for, dette gjekk i selskapets favør og ”den svake” tapte som alltid ellers….

 

Ut i frå denne lesinga blir eg berre meir overbevist om at vi sjølve må ta tak i eigne liv og ta ansvar for det. Dei som ikkje er i stand til det må få hjelp til å ivareta sine rettigheter.  

 

Eg er opptatt av livsstil-sjukdommen diabetes og eg har sett og ser korleis kjemisk insulin blir markedsført som veldig enkelt og greit å ta. Insulinpennen løyser alt, er enkel og lett å bruke. "Enkle nåler" til å stikke seg i fingeren for å måle blodsukker følgjer med.... Eg har sjølv vore på forelesing om det å leve med diabetes. I pausane blei vi bombandert med desse insulinpennane og servering av  sjokolade som skulle fortelje diabetikaren, at du kan ete nærmast kva du vil, for det er "så enkelt å ta insulin etter behov".  Snakk om salgstriks....Stakkars pasient har ingenting å stille opp med i dagens samfunn der det er legen som har rett. Og han er jo kjøpt og betalt av den farmasøytiske industrien. Få eller ingen snakkar om bivirkningar når det gjeld medisinen insulin, berre høgt og lavt blodsukker, og kva er det? Jau, blodsukker må målast for å følgje med om det er behov for insulin. Mange veit ikkje eingong om at dei kan vere allergisk mot denne kjemiske insulinen. 

 

Virapen, J. (2007) Side Effects: Death,2007  

 

 

Nyhetsbrev

 

Hvis du finner at noe av informasjonen i dette blogginnlegget er feil eller støtende ber vi at du gir oss beskjed slik at vi kan gå over og vurdere innholdet grundigere. Vi ønsker å ha sakelig og sannferdig kunnskap på våre nettsider men kan mot formodning ikke kontrollere alt som våre bloggere skriver til enhvert tid. Vennligst kontakt oss her om det er noe du ikke er fornøyd med, husk å inkluder hvilke innlegg det gjelder med lenke.